Kultursmak

Sylta er rik på smak, laga av bringbær og
gamle eplesortar frå garden Juv etter mor mi
Inga Berge si oppskrift.
Djuvsteinar
Vi har tre tre med denne eplesorten som skal ha namnet etter garden Djuvstein på
Nordsida av fjorden, men etter det eg kjenner til er dette dei einaste trea som
er att.
Epla eg nydelege å ete og gode i sylte.
Bramley Seedling
Av denne sorten har vi berre to tre att som vi vernar som gull.
Kari Strøfringsdal skriv i boka Fjordamat at dette er dei beste matepla fordi
smaken held seg sjølv om epla vert kokte.
Dei store grøne epla er modne ved påsketider.
Sorten kjem frå England.
|