Skaret





Kjell Råd
STØYLAR i gamle Innvik og Utvik sokn
fortel på s. 190 under omtale av Brulandstøylen at støylsjenter
og ungdomar gjekk på kaffitur fram i skaret mellom Dunheia
og Snøfjellet når det var fint ver om søndagen.
Sume tider kunne der vera samla ein 50-60 ungdomar.
Dersom nokon hadde fele med seg, vart det ofte dansa på ei slette. Her var
oppmura sitjeplass til spelemennene.
Denne flata var så ofte brukt at i ringen der dei dansa, voks det ikkje gras.
|