Det gode liv
Fyll fridagane med det beste av det beste regionen
har å by
på!
Med utgangspunkt i Juv kan du velje frå opplevings-menyen
og leite fram dei mest verdifulle skattar i fjordlandet.
Dei 3 største opplevingane - stadar du berre må besøke:
1.
Geiranger
- eit reisemål i verdsklasse
Ta ferja frå Hellesylt til Geiranger og opplev Dei 7 Søstre og fjellgardane som klorar seg fast over bratte stup.
Køyr Ørnevegsvingane, stopp ved Flydalsjuvet og ta vegen til
utsiktsfjellet Dalsnibba 1500 m.o.h.
2.
Briksdalen
- eit reisemål av dei aller store - mot isbreen
Oldedalen er eit vakker dalføre med grønleg vatn og fine gardsbruk som fører deg
heilt fram til isbreen.
Trollbilar tek deg opp til den verdskjende Briksdalsbreen.
Her kan du padle i raftingbåt
mellom breisfjell.
3.
Vestkapp
- eit reisemål av dei aller store - mot storhavet
I fint ver kan ein kanskje skimte England uendeleg borte,
i ruskevær får ein kjenne naturkreftene på kroppen.
Besøk Ervikbygda med den særmerkte kyrkjegarden mot storhavet og minnesmerka frå kringens dagar.
Dersom dette har gjeve meirsmak så må du også ta deg tid til:
4.
Lodalen
- rik på natur og gripande historie
Start opplevinga ved Loen kyrkje og ta med informasjon om Lodalsulukkene når du
køyrer innover
i dalen på den smale vegen langs det grøne vatnet med fjella og skogen ruvande
tett på.
Bødalen er ei naturoppleving som gjev dagen ein
ekstra dimmensjon i tillegg til Kjenndalsbreen, båttur på Loenvatnet og eit
stopp på Kjenndalsstova.
5.
Panoramavegen
- på andre sida av fjorden, høgt over landskapet kan du sjå "heim"
Kulturløypa på Ulvedal med stopp ved Sagedammen, utsiktspunktet Nos, den smale
og svingete bygdevegen ned til Hopland for så å gå bak sjølvaste
Tvinnefossen er ei oppleving av du aldri gløymer.
6. Kråkenes
- nyt ein dag mot storhavet blant kystperler
som
Kråkenes fyr, Refviksanden,
Vågsberget Handelsstad
og Kannesteinen.
Besøk Måløy med attraksjonen Kaibutikken og kjøp fersk fisk med heim av Havfruen
AS på Torget.
Her kan du oppleve å få vere så godt som åleine:
7.
Oppstryn
- nyt ein dag i inn-landskapet
Besøk Jostedalsbreen Nasjonalparksenter, kjøp deg heimelaga mat og rikeleg niste
på Matstova, ta ein fottur på den vakre stien til fjellgarden Segestad, besøk
Gamlebutikken på Hjelle med lokalt handverk og avslutt dagen med å køyre Gamle
Strynefjellsvegen
mellom stabbesteinar og snø.
8. Byrkjelo
- på andre sida av fjellet
Kjøp deg niste på Bakeriet på Byrkjelo og prøv ferskvatnfiske eller ta ein fjelltur.
Myklebustdalen med heksefjellet Vora skjuler mange skattar
for dei som vil leite dei fram. Sandal Gardsturisme leiger ut robåt, og
Aud kan vise deg vegen til Sandal- og Fossheimstøylen like under breen med "brefjellet"
Snønipa.
Du kan også ri på fjordhest på
Norsk Fjordhestgard.
9. Kandal
- i geitene sitt rike
Ei roleg, men spennande bygd på andre sida av Breimsvatnet.
Her kan du møte geitene på Myklandstøylen og kjøpe kjekjøt hos Kandal Kjøt.
Besøk Nesstøylen/Kandalstøylen i fjellet og Naustet ved vatnet. Kanskje
ein rundtur på Breimsvatnet med BREIM?
Avslutt dagen på Galleri Skarstein og hagen på Skarstein.
Vil du lære om folket, naturen og historia så er dette rett val:
10. Stardalen
- prøv kreftene på breen og elva
Audhild Vikens Vevstove med heilårsnissar og troll, Astruptunet,
rafting i Jølstra og
brevandring i Stardalen
- dette er norsk tradisjon og ur- og naturkraft på
nært hald.
11. Nordfjord Folkemuseum og Eidsfossen
12.
Norsk Bremuseum
og bokbyen Fjærland
13.
Atlanterhavsparken
og jugendbyen Ålesund
|
|
|