Folket i Nordfjord
Utdrag frå den flotte boka "Indre Nordfjord
"
med løyve frå forfattaren Olav Jakob Tveit
Folket i indre Nordford er mellom dei mest ekte vestlandingane:
Dei er arbeidsame, seige og uthaldande.
Dei utnyttar det dei har, og er meistrar til å få mykje ut av lite. Dei
klorar seg fast til bratte, små gardar og lagar seg gode heimar og levebrød.

Fjordhesten er norges nasonaldyr og symbolet på
fjordfolket:
Han er godlynt og vakker, trufast og
uthaldande, han er til nytte og glede.
Og det var her i Nordfjord han vart berga i siste liten:
Blandingsavl skulle få fram ein større og sterkare hestetype som skulle
effektivisere jordbruksarbeidet på Vestlandet, og dølahesten Rimfakse vart brukt
som avlshingst i 1890-åra. Men eit møte i Innvik i 1907 berga
fjordhestrasen i siste liten. Det vart bestemt å reinske ut alle hestar
med dølablod, og den vakre fjordhesten Njål vart kjøpt tilbake og er stamfar til
alle fjordhestar i dag både i Norge og utlandet.
|
|
|

"Den indre fjorddalebefolking er en vakker, slankbygget, maskuløs og
kraftig race, seig og utholdende, og den giver endel af vort lands bedste
soldatemner med en høi dyktighedsprocent og en utpræget militær aand og ambition."
Nordre Bergenhus Amt
1901

"Tobben" og far
ca. 1973 |
|