Hjortejakt
Utkast til jaktavtale for utleige av jaktrett 2011:
Vi ynskjer jegerar som vil prøve å jakte på eiga hand på Juv velkomne til å
leige jaktretten til 2 vaksne dyr på vekebasis i frå 12. sept. til 3. okt.
Terrenget på over 2000 mål som strekkjer seg frå fjord til høgfjell og er bratt, men flatar ut ved Juvstøylen.
Mogelegheit for bøjakt.
Det er ingen andre jegerar i området. Hund i band kan nyttast.
Selet på Juvstøylen og/eller lavvuen i tregrensa er utgangspunkt for jakta evt.
gardshuset Stabburet.
Paul-Rune Leite som har jakta i området i 25 år og vil vere med som kjentmann
første jaktdag (laurdag).
Vi vil be om å få sjå våpenkort, at jegeravgifta er betalt og at ein har greidd
storviltprøva.
Den enkelte jeger pliktar å følgje vanlege tryggingsreglar, og all jakt skal
skje i edru tilstand.
Vi har vanleg landbruksforsikring og tek ikkje på oss
ansvar for skade som jegerar måtte påføre seg sjølv eller andre. Reiseforsikring må teiknast
i god tid og evt. skadar erstattast.
Kart og anna informasjon vert oversendt etter nærare avtale.
Rapportering av sett dyr og korleis jakta har gått føre seg.
Underkjeve og livmor av hodyr skal leverast inn.
Pris for jaktretten til 2 dyr, terreng på
2000 mål, overnatting på Juvstøylen og i lavvuen og kjentmann 1 dag og
ettersøkshund betaler leigar kr 10.000,- pr. veke (mva. inkl.).
Førehandsbetaling innan 10 dagar etter bestilling.
75 % refusjon ved skrifteleg avbestilling før 10.04.2011
25 % refusjon ved skrifteleg avbestilling før 10.06.2011
Næraste flyplass er Sandane Lufthavn, Anda. Vi kan om ynskjeleg hente og
bringe. Sovepose og liggeunderlag må bringast med.
Kjøt av felte dyr kr 65,- pr. kg eks. mva.
Ytterlegare tenester kr 200,- pr. time eks. mva. etter nærare avtale.
Ta gjerne kontakt for meir detaljinformasjon på tlf. 911 91 575!
Jakt er ei spennande utfordring der resultatet aldri er garantert,
men kvar jakt er ei ny oppleving og erfaring, helse og rekreasjon.
|