Jaktinfo
Utvik Tistam Hjortevald
grensar til Gloppen i sør og vest og fjorden og
Heggdal i nord og aust. Området er på 37600 da med fellingsløyve på 240
dyr i
bestandsplanperioden 2004 - 2007.
Føremålet er å forvalte hjortestammen i området
på best muleg måte slik at både skogsinteressene og hjortebestanden vert teken
vare på. Jakta og jaktinteressene skal takast vare på, og utførast på ein
slik måte at det vert til mest muleg hygge, glede og rekreasjon for alle partar.
Frøyset jaktområde
er eit jaktområde på 5650 da med god hjortemark i skogen. Innslaget av
lauvskog er stort. Dyrka mark er derimot lite. På Frøyset er hjorten
svært uforstyrra i dei bratte liene, og skogen her har sikkert stor betydning
som dagleie. Her er og skote ein del hjort på innmark. Jaktområdet
er tildelt fellingsløyve på 10
dyr pr. år slik at når 8 dyr er skotne kan ein søkje hjortevaldet
om ekstra løyve.
Juv disponerer 2 (3) av desse ut frå eit areal på 1876 da og kunne i 2003 skyte eit fjorddyr, ein kalv og eit
fritt dyr. Kvoten vart teken dei to første dagane
det vart jakta i byrjinga av oktober.
I 2004 starta vi jakta med 2 frie dyr og ein kalv vart felt.
Ein reinkalv og to koller vart resultatet av jakta i
2005.
Meir faktainformasjon og kart over området er tilgjengeleg.
Ta kontakt gjerne kontakt for meir informasjon på tlf. 57 86 32 68 (kveld) eller
911 91 575.
|
|

Framleis er Sogn og Fjordane landets største
hjortefylke, målt både i fellingsløyve og talet på felte dyr, syner tal frå
Statistisk sentralbyrå
(Firda 26.02.2004).Om lag
ein tredel av alle felte hjortar vart skotne i Sogn og Fjordane. Det var gitt
løyve til å felle 11600 dyr, og 8600 vart skotne i løpet av jakta.
Til samanlikning vart det i
Møre og Romsdal felt 7000 dyr, og i Hordaland vart
det felt 5000.
|
|