Jakt

Hjortejakt på Juv er tøff vestlandsjakt for barske jegerar,
men kan like gjerne tilpassast deg som har lyst å vere med
på hjortejakt for å lære eller hauste jakterfaring.
Par eller familiar som ynskjer ei jaktoppleving ei helg eller i
haustferien, er ogå velkomne til oss.
Frå hausten 2009 leiger vi også ut jaktløyver på hjort for ein periode på inntil
ei veke frå 12. sept. - 3. okt.

Terrenget er svært bratt opp til støylen, men her flatar det seg ut.
Juvstøylen er fint utgangspunkt for jakta. Sjå
jaktinfo!

Det er harde tak å få byttet til gards,
men dette er også spennande og
ei
annaleis oppleving.

Slaktinga går føre seg på låven
på garden.

Svogerane Paul-Rune og Tom
vil gjerne dele jaktopplevinga med
andre.

Og alle hjelper til, store og små
- heile familien er velkomen for
å vere med på alt det sosiale
omkring hjortejakta.
|