Hjortejakt

Utkast til jaktavtale for gjestejakt 2011:

Gjestejegerar er velkomne hos oss under hjortejakta frå fredag kveld med avreise søndag kveld eller mandag morgon/føremiddag evt. i skulen si haustferieveke.

Fredag kveld brukar vi til å bli kjende med kvarandre/jaktområdet og planlegge jaktdagane enten i Gamlestova på garden eller at ein går rett til fjells.

Beste opplegg for jakta i år vil vere i haustferien.

Paul-Rune Leite har jakta i området i 25 år og er jaktleiar for jakta som går føre seg på lokale vilkår.

Vi har 2 dyr med mogelegheit for ekstradyr – type dyr vert avtalt nærare med områdeleiar.
 
Terrenget er bratt, men flatar ut ved Juvstøylen.  Jakta kan karakteriserast som ”rimeleg tøff vestlandsjakt” der alle jaktar på like vilkår, men jakta kan tilpassast etter ynskje.

Alle er med og tek eit tak for å få felte dyr til gards og anna som naturleg høyrer inn under jakta.

Tryggleik i jakta er viktig, og vi vil be om å få sjå at jegeravgifta er betalt og at ein har greidd jegerprøva. 

Den enkelte jeger pliktar å følgje vanlege tryggingsreglar, og all jakt skal skje i edru tilstand.  Vi har vanleg landbruksforsikring og tek ikkje på oss ansvar for skade som gjestejegerane måtte påføre seg sjølv eller eigen eigedom. Reiseforsikring må teiknast.

Kart og informasjon vert oversendt etter mottatt betaling.

Som gjestejeger betaler kvar person kr 1.250,- pr. jaktdag (avg.fritt).

Kjøt av felte dyr kan kjøpast inntil halve dyret kr 65,- pr. kg. (+ mva.).

Overnatting i ”Stabburet”/”Gamlestova” (oppredd seng) og/eller i selet på Juvstøylen/lavvuen kr 250,- pr. person pr. natt. 
Sovepose må bringast med.
 
Vi spanderer felles hjortemiddag i løpet av jakta.
Tørrmat, middag eller anna servering er ikkje inkludert, men felles innkjøp med vekt på lokale spesialitetar kan avtalast.

Førehandsbetaling 10 dagar etter bestilling.
75 % refusjon ved skrifteleg avbestilling før 10.04.2011
50 % refusjon ved skrifteleg avbestilling før 10.06.2011
25 % refusjon ved skrifteleg avbestilling før 10.08.2011

Vi har rett til å avlyse jakt i tilfelle sjukmelding eller "force majeur" og førehandsbetaling vert då refundert fullt ut.

Vi legg vekt på godt sosialt fellesskap og ynskjer at alle skal få trivelege jaktdagar!

 


 



Foto frå Kjølsdalen



Foto frå Svanøy (under)



 


Les meir om jakta!