Gardshistorie
Juv ligg særdeles vakkert til i "hjartet" av Nordfjord med utsikt
over Nordfjorden
og dei omliggjande bygder.
Garden har namnet etter det store juvet som går frå garden og
heilt til fjells.
Ålandsboka seier følgjande:
" må første mann, Bård Arneson, ha levd og vore eigar av Juv ikring 1200. Dette ættetalet er eit av dei eldste ein kjenner frå Nordfjord."
Garden har tidlegare hatt fleire tun/husmannsplassar;
Gamletunet, Juvsøyna og Rusti.
Gnr. 161/1 (Juv) og 162/7 (Rusti) i Stryn kommune
har tilsaman eit areal på over 2300 mål og ein omkrets på over 7000 m.
Eigedomen ligg 6 km frå Utvik mot Tistam. Gardstunet ligg høgt og fritt. Bygningane på bruket er gamle og bygd i eit sirkelforma gardstun:
Våningshus, driftsbygning, gamlestove (feriehus), stabbur (feriehus),
kombinert eldhus og kvernhus, arbeidshus, naust ved sjøen, gardfjøs og sætrehus frå
ca. 1750 på Juvstøylen, dessutan grindløe i Rusti.
Det er fortalt at frå gammal tid åtte "Jussmannen" mellom dei to elvane Sandåna
i aust og Juvselva i vest, frå fjord til høgfjell.
Området vest for Juvselva der hovedtunet i dag ligg, var ei dåpsgåve frå
brukaren på Frøyset.
Det lever mange segner om Mons som var fødd på husmannsplassen i Juvsøyna, men
som først bygsla/kjøpte Rusti av Frøyset og bygde seg heim der før han overtok
hovedbruket Juv,
sjå brukarlista under.
Følgjande har vore eigarar/brukarar iflg. Ålandsboka:
Ca. 1200
Bård Arneson
Son til Bård (ikkje namngjeven)
Bård (far til Harald)
1331 (diplom)
Harald Baardsson
Garden låg truleg øyde ein periode
1602
Laurits "Ødegårdsmand"
1618- 1631
Steffen Sivertson og kona Gunhild som vart enkje
2 bruk
1627
Johannes Jørgenson (d. 1654) og kona Kirstin
1665
Enkja Kirstin
1632 - 1635
Enkja Gunhild og Eirik
1660
Jørgen Johannesson vart brukar av heile garden
1673
Jakob
Henrik Wessel i Bergen åtte då garden
1702
Rasmus Rasmusson Rand (Utigard) og kona Synnøve
Ca. 1740
Peder Andersson brukar
1745
Rasmus Rasmusson (d. 1764) og kona Steinvor Eriksdatter Moldrheim. Skøyte til
svigerfaren Eirik Moldrheim i 1752.
1764
Peder Anderson Moldrheim, bror til Eirik Moldrheim, var gift 3 gonger;
Kari Andersdatter Hilde, Kirsti Olsdatter Tvinnereim
og
Kari Jonsdatter
Tisthamar
1781
Rasmus Rasmusson Djuv og kona Gullborg Jørgensdatter
1802
Arne Jensson (svigerson) og kona Johanne Rasmusdatter Djuv
1804
Nils Ivarson Tisthamar og kona enka Johanne Rasmusdatter Djuv.
Han kom truleg frå br. 2 Botolvbruket.
1843
Ivar Nilsson og kona Magnild Rasmusdatter Hilde
1866
Nils Ivarson og kona Kristi Arnesdatter Frøyset selde garden og reiste til
Amerika
1893
Kolbein Olson Teigen og kona Anne Larsdatter Bergset frå Nordsida
selde bruket i 1911 og reiste til Vestfold der dei kjøpte garden Holm.
Borna Olav, Inga, Lars Bertha, Oleanna, Karen, Johan,
Margit var alle fødde på Djuv.
1912
Jørgen Torson Valaker frå Utvik kjøpte garden. Han tok frå ein skogteig
med noko innmark attåt (b.nr. 2 Bjørkelid) og selde hovedbruket til husmannsonen
Mons Larsen Djuv som då bygsla Rusti av Frøyset.
Mons Larson Djuv og kona Rakel Egge hadde 4 born. To gutar
dø som spedbarn, og dei to jentene Olga og Kristina dø i vaksen alder. Kristina
gifta seg med Guldbrand Aske frå Fjellbygda i Gloppen.
1946
Peder Johan Andersson Berge (systerson til Mons) og kona
Rakel Rasmusdatter f. Bruland
flytta i vaksen alder frå heimen på Berge til Juv og dreiv garden.
1956
Arne Pederson Berge og kona Inga Fossheim frå Myklebustadalen
i Breim tok over.
1996
Rønnaug Arnedatter Berge Leite, busett i Kjølsdalen.
2002 - 2006
Buplikt etter 50 % regelverk.
2005 - 2008
Jordskiftesak om Juvstøylen og rettar i utmark.
22. mai 2008 vart Gulating lagmannsrett sett i Gamlestova
på Juv.

Tom Jarle Fjeldsbø sin 50 årsdag 26. juli 2009
- Arne Berge 81 år, Inga Berge 75 år, Paul-Rune Leite 56 år,
Anny Berge 44 år og Rønnaug Berge Leite 48 år
2008
4 hjuls traktor og ny bru over Juvselva.
2009
Nytt bringebærfelt.
|