Gardshistorie
Juv ligg særdeles vakkert til med panoramautsikt over Nordfjorden, frå Moldrheim og Hopland i vest til Nordsida og Innvik i aust.
Ålandsboka seier følgjande:
" må første mann, Bård Arneson, ha levd og vore eigar av Juv ikring 1200. Dette ættetalet er eit av dei eldste ein kjenner frå Nordfjord."
Garden har tidlegare hatt fleire tun/husmannsplassar.
Gnr. 161/1 (Juv) og 162/7 (Rusti) i Stryn kommune
har tilsaman eit areal på over 2300 mål og ein omkrets på over 7000 m.
Eigedomen ligg 6 km frå Utvik mot Tistam.
Gardstunet ligg høgt og fritt med panoramautsyn over Nordfjorden.
Bygningane på bruket er gamle og bygd i eit sirkelforma gardstun:
Våningshus, driftsbygning, gamlestove (hytte), stabbur (hytte),
eldhus og arbeidshus, samt naust ved sjøen, sætrehus frå 1750 på
Juvstøylen og gardfjøs.
|